Kanopadling - første del av padletur er òg første del av teknikkøving
Kanopadling - første del av padletur er òg første del av teknikkøving
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 35 - Søråshøgda og Liland

«Først må du lære og utføre det skikkeleg, så skal du lære og utføre det raskt og til slutt kan du lære og utføre det med teknologiske hjelpemiddel».

Intro til dagen på Vengsvatnet
Intro til dagen på Vengsvatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Utsagnet er henta frå ein yrkesfaglærar innan byggfag, men kan fint overførast til dei fleste fagfelt og aktivitetar – til og med ei veke på leirskule. Kan du noko skikkeleg så har du òg så god forståing at du kan tilpasse etter situasjonen, når du i tillegg kan gjere det ast så skaffar du deg ekstra tid. På leirskulen er det fokus på dei to første delane av utsagnet og ikkje like mykje på det siste.

Klart for studie av fisk
Klart for studie av fisk
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ta dømet med kanopadling – noko som alle elevane, frå både Liland og Søråshøgda, har prøvd seg på denne veka. Straks du meistrar grunnteknikken med padling, då aukar tempoet og det blir enklare å takle skiftande forhold som medvind, motvind, bølger og liknande.

Bygdedag og lefsebaking
Bygdedag og lefsebaking
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Dette er eit av døma på kva leirskulen er meint å gje elevane – ei (litt meir)grunnleggjande forståing. Dette skjer gjennom mange ulike aktivitetar og oppgåver. Søråshøgda har vore i Kikedalen og fått ei djupare forståing for mellomalderhistorie, landskapsformer og nemnde kanopadling. Dei har vore på Vengsvatnet med kano, robåt og fisk(e) som tema. 

Liland har òg hatt ein dag på Vengsvatnet med båt, kano og fisk. Men i tillegg har dei vore til fjells, mot Øykjafjell, der tematikken var krigshistorie frå 2. verdenskrig. 

Bygdedag låg som hovudtema onsdag – med ulike handverks-, arbeidsoppgåver og aktivitetar som er henta frå gamledagar. Ettermiddagen, med friluftsaktivitetane gav elevane høve til eit lite djupdykk inn i ein spesiell, valfri, friluftsaktivitet.

Bygdedag og smie
Bygdedag og smie
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Som seg hør og bør, innleia me veka med samarbeidsaktivitetar – eit tema som føl elevan gjennom heile veka. Mens fredagen vart avslutta med den obligatoriske rominspeksjonen, «mini»rollespelet i gamle Holdhus kyrkje og varm lunsj i matsalen.

Bygdedag og matlaging på vedovn
Bygdedag og matlaging på vedovn
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for no til alle som ein frå både Liland og Søråshøgda.