Leirskule er uteskule – og dermed prisgitt desse berømte værgudane. No er me ikkje der at regn stoppar oss frå å vera ute, det er vinden som er utfordringa. Dette gjeld spesielt nå me har tenkt oss til fjells eller til «vanns». Vindmeldingane torsdag gjorde at me valgte å byte om på to av dagane i «orginalplanen». Bygdedag blei dermed på torsdag og reine utedagar tysdag og onsdag.
Utedagane nytta Leiknes og Søråshøgda skulevis. Leiknes med ein dag til Kikedalen og ein dag til Øykjafjell gav elevane fagleg påfyll innan både krigshistorie, middelalderhistorie og geologi. I tillegg til meir praktiske erfaringar som kanopadling, påkledning og pakking av sekk.
Søråshøgda hadde to dagar på vatn. Tysdag var på Vengsvatnet med kano, robåt og fisk som tema, medan onsdag var dei til Kikedalen og såg nærare på landskapsformer og middelalderhistorie.
Torsdag og bygdedag betydde masse praktisk arbeid. Nokre dreiv med toving, andre med trearbeid, ein gruppe heldt på med gardsarbeid medan andre igjen prøvde seg i smia. I tillegg var det elevar både på skinnarbeid og i gamleskulen vår. Felles for alle aktivitetane var at elevane fekk prøve seg litt på korleis livet og kvardagen kunne vore dersom årstalet hadde sagt seint 1800-tal.
Torsdag ettermiddag stod friluftsaktivitetar på programmet. Elevane vart fordelt, etter ønske, på ein type friluftsaktivitet dei fekk «fordjupe» seg i eit par timar. Alt rigga for både utfordringar og meistringsopplevingar for elevane.
Då fredagen kom og det var tid for heimreise – ja då var òg værgudane i ferd med å mildne igjen. Med fullført leirskuleveke og stigande lufttrykk låg alt til rette for ei stålande helg.
Takk for besøket til både lærarar og elevar frå Søråshøgda og Leiknes.