Det nærmar seg kveld på leirskulen...
Det nærmar seg kveld på leirskulen...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 37 - Ådnamarka og Kronstad

Ei veke på leirskule handlar om erfaringslæring – og skal me få dette til må elevane få sjansen til å oppleve mykje og bli sett krav til. Greier me dette så er sjansen stor for å lukkast.

Studie av fisk på Klenaneset ved Vengsvatnet
Studie av fisk på Klenaneset ved Vengsvatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Å få erfaring med å kle seg til ulike værforhold er ein ting, pakke sekk er ein annan og samarbeid ein tredje. Felles for desse tre, og med mange andre moment, er at erfaringar kan brukast for å gjere justeringar. Kva fungerte? Kva fungerte ikkje? Kva justeringar må gjerast for at det skal bli betre…

Tysdag i Kikedalen
Tysdag i Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Elevane frå Kronstad og Ådnamarka har blitt sett i mange slike situasjonar gjennom si veke ved Hålandsdalen leirskole. Nokre oppgåver har vore på tvers av skulane (felles for alle) og andre har vore meir skulevis.

Øving på samarbeid, faste arbeidsoppgåver og ei veke (nesten) utan digitale hjelpmiddel er døme på noko som har vore likt for alle. Det same har den raude tråden gjennom veka vore – nemleg samanlikninga mellom notid og fortid. Dette kom særleg til syne på bygdedagen vår, onsdag.

Livet som elev i "Gamleskulen" var ein av aktivitetane på bygdedagen
Livet som elev i "Gamleskulen" var ein av aktivitetane på bygdedagen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Tysdag og torsdag var elevane delt skulevis ut frå ynskje om undervsiningstema. Kronstad nytta sin tysdag til Kikedalen der undervisningstema var middelalderhistorie, landskapsformer og kanopadling. Ådnamarka nytta dagen til å fylgje i fotspora til lokale motsnadsmenn, opp mot Botnavatnet, under 2. verdenskrig. Torsdag var Ådnamarka på Vengsvatnet der fisk, kunnskap om ferskvatn og kanopadling stod sentralt. Kronstad, på si side, hadde sin torsdag i skogen med tema allemannsretten og orientering med bruk av kompass. 

Av og til blir kontakten med gamledagar svært konkret - som då ein av elevane på gruppe "metallsøk" fann ein heilt spesiell mynt denne veka. Mynten er prega med Haakon VII og er truleg produsert mellom 1940-45 (grunna det som ser ut som høgt innhald av sink  i mynten).
Av og til blir kontakten med gamledagar svært konkret - som då ein av elevane på gruppe "metallsøk" fann ein heilt spesiell mynt denne veka. Mynten er prega med Haakon VII og er truleg produsert mellom 1940-45 (grunna det som ser ut som høgt innhald av sink i mynten).
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Trass i at skulane var delt, var det mykje god erfaringslæring som fint kan samanliknast med kvarandre.

Onsdag var bygdedag med innlagte friluftsaktivitetar. Føremiddagen var tida skrudd tilbake til slutten av 1800-talet og ettermiddagen ute i felt på ein spesiell friluftsaktivitet. 

Fredag kjem som vanleg raskt og, som vanleg, inneheldt den utpakking, besøket i gamle Holdhus kyrkje og lunsj – før det var tid for avreise og helg.

Tusen takk for ei fin veke saman med både elevar og lærarar frå Ådnamarka og Kronstad.