Godt nøgde med å ha fullført "operasjon Gradorientering"
Godt nøgde med å ha fullført "operasjon Gradorientering"
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 38 - Flaktveit og Mjølkeråen

Ein «touch» av matematikk ute i skogen er noko alle elevar på leirskule denne veka har fått prøvd ut. Det handlar, sjølvsagt, om bruken av kompasset – rett og slett det me kallar gradorientering.

Bålkos og lunsj i skogen før "operasjon Gradorientering"
Bålkos og lunsj i skogen før "operasjon Gradorientering"
Bilde: Hålandsdalen leirskole

«Retning til neste post: 123 grader, avstand til post: 104 meter». Dette er opplysningane elevane får ved kvar av postane i leirskulen si gradorienteringsløype. Eller rettare sagt, den løypa elevane gjennomførte denne veka. Desse løypene våre vert endra og flytta stadig vekk, slik at me ikkje lagar tydelege trakk i terrenget. 

Tur langs den gamle skulevegen i Hålandsdalen
Tur langs den gamle skulevegen i Hålandsdalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Innstilling av kompass er teknikktrenining; snu kompasshuset til riktig gradetal, halde kompasset rett veg og snu kroppen slik av magnetnål kjem inni nordpila. Først då er me klar til marsj - i den retning marsjpila peikar. Denne teknikken vert demonstrert og øvd på før me går ut og den vert repetert ute i felt før elevane, gruppevis, startar løypa - "operasjon Gradorientering".  

Nærmar seg klart for kanopadling på Vengsvatnet
Nærmar seg klart for kanopadling på Vengsvatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Grtadorientering var dog berre ein liten del av leirskuleveka – ei veke som gjekk frå måndag til fredag. Måndag var velkomstdag med alt som høyrer med av innkøyring av rutinar, samarbeidstrening og så vidare.

Tysdag og torsdag var utedagar der skulane var delt. Begge skular har gjennomført same undervisningsopplegg denne veka – ein dag på vatn med fokus på kanopadling og fisk, samt ein dag i skogen der allemannsretten og, nemnde, gradorientering var undervisningstema.

Bygdedag - frå stasjon trearbeid
Bygdedag - frå stasjon trearbeid
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag var bygdedag der elevane var innom ein bygdedagsaktivitet på føremiddagen. Ettermiddagen vart nytta til ei fordjupingsøkt innan ein friluftsaktivitet – og som seg hør og bør så blei bygdedagen avslutta med kveldsbesøket hjå familien Håland.

Bygdedag - frå stasjon skinnarbeidq
Bygdedag - frå stasjon skinnarbeid
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Fredag, siste dag på leirskule, vart fullført med utpakking, besøk i gamle Holdhus kyrkje før den avsluttande lunsjen stod for tur. Til sist var det pakking i buss og takk for no.

Bygdedag - frå stasjon Gamlastova
Bygdedag - frå stasjon Gamlastova
Bilde: Hålandsdalen leirskole

God helg til både elevar og lærarar frå Flaktiveit og Mjølkeråen etter ei god veke på haustleirskule.