Med vatn på alle kantar
Med vatn på alle kantar
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 38 - Haukeland og Hellen

Dette var veka for H2O – altså vatn. Vatn frå oven, vatn under kjølen og for den saks skuld vatn under beina. Med andre ord ei ganske våt veke for elevane på leirskule.

H2O - både "til lands, til vanns og i lufta med"...
H2O - både "til lands, til vanns og i lufta med"...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Om lag 71% av jorda er dekka av vatn. Det aller meste som saltvatn, men òg nokre prosent som ferksvatn. For oss på leirskulen er det ferskvatn som gjeld og her har me mykje å ta av. Hålandsdalen har både store og mindre vatn og innsjøar. Det fins større og mindre tjern og det fins bekkar og elvar i hopetal – som særleg kjem til syne når det er mykje nedbør.

Ut av "skipstunnelen" - på veg mot Kilen
Ut av "skipstunnelen" - på veg mot Kilen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Denne veka har både Vengsvatnet, Gjønavatnet og Skogseidvatnet vore i bruk til undervisning. Vengsvatnet hadde undervisningstema som fisk, fiskemetodar og robåtar. ELevane har vore med å trekt garn, me har greidd garnet og studert fisken. 

Litt av fisken som vart fanga denne veka
Litt av fisken som vart fanga denne veka
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Skogseidvatnet hadde dei gamle ferdselsvegane (les vassvegane) og transportsystema knytt til dei, busetnad rundt vatna og kanopdling som undervisningstema.

Når me nyttar Gjønavatnet er det med geologi, landskapsformer og kulturhistorie som tematikk.

Hellen sin elevar har gjennomført dagar på både Vengsvatnet og Skogseidvatnet. Padleturen på Skogseidvatnet, frå Eidestøa via Drageidkanalen og til Kilen er nok spesielle minner som sit igjen lenge for mange.

Haukeland hadde ein dag på vatn, Gjønavatnet, der Kikedalen var sjølve målet for turen. I tillegg var elevane frå Haukeland ein dag til fjells – nærare sagt Øykjafjell og Botnavatnet der dei fekk høyre historien om flyslepp under andre verdenskrig i Hålandsdalsfjella.

Bygdedag - stasjon "Gamleskulen"
Bygdedag - stasjon "Gamleskulen"
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Måndag var den dagen med opphaldsvær denne veka. Dagen blei brukt til å bli kjend med både plassen, nye rutinar og andre elevar. Ettermiddagsøkta med samarbeidsaktivitetar «ordna» ein god del av dette neste av seg sjølv.

Onsdag hadde me bygdedag der me skrur tida tilbake til slutten av 1800-talet. Me fekk teste ut både arbeid og aktivitetar slik det kunne vore på denne tida. Målet er å gjere elevane meir kjend med forskjellane før og no – og dermed skape ei større forståing for vår eiga tid. Onsdag etermiddag fekk alle seg ein luftetur ute på ein eller annan friluftsaktivitet i nærområde til leirskulen.

Friluftsaktivitet - klar for ein runde med frisbiegolf
Friluftsaktivitet - klar for ein runde med frisbiegolf
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Fredag betyr avreise. Men ikkje før me har fullført utsjekk av rom (med tilhøyrande kåring av beste rom gjennom veka), eit aldri så lite rollespel i gamle Holdhus kyrkje og til sist den avsluttande fredagslunsjen.

Takk for mange kjekke stunder saman med elevar og vaksne frå både Haukeland og Hellen.

Kajakkpadlarane klare for ein tur på vatnet
Kajakkpadlarane klare for ein tur på vatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

 God tur heim og riktig god helg til dykk alle.