"Me køyrer leirskulestil allereie frå starten"
"Me køyrer leirskulestil allereie frå starten"
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 38 - Nygårdslien og Christi Krybbe

«Me køyrer leirskulestil allereie frå starten». Når 70-80 elevar skal på leirskule om gongen så krevs det system som fungerer slik at veka blir både trygg, triveleg og effektiv – altså leirskulestil.

På miniekspedisjon i Kikedalen
På miniekspedisjon i Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Måndagen på leirskulen er velkomstdag. Dei besøkjande skal bli (litt) kjent med oss som jobbar på leirskulen. Dei skal bli kjend med plassen, våre rutinar og med kvarandre. Måndagen er ein intens dag, med mykje nytt, for både elevar og lærarar. Men dette er òg dagen der me set standarden for ei vellukka leirskuleveke. 

Kanopadling på Gjønavatnet
Kanopadling på Gjønavatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Leirskulestilen handlar, til dømes, om faste oppgåver kvar dag, orden på elevrom og i garderobe samt måltid som er lange og sosiale for både store og små. Ovanfor elevane kan me gjerne dra samanlikninga med, det etter kvart velkjende, Kompani Lauritsen. Straks leirskulestilen er innført, vert mykje av dagane både forutsigbart og trygt for elevane – samstundes som dei bli stilt krav til.

Denne veka har alle elevane prøvd seg på skogstur med orientering
Denne veka har alle elevane prøvd seg på skogstur med orientering
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Elevane frå Christi Krybbe, Nygårdslien og Kjøkkelvik har, i tillegg til leirskulestilen, hatt to fulle utedagar med undervisning. Dei har hatt bygdedag med både bygdedagsaktivitetar og friluftsaktivitetar – ein dag som vart avslutta med besøk hjå familen Håland. Dei har hatt samarbeidsaktivitetar og dei har vore på besøk i gamlekyrkja på Holdhus. 

Bygdedag = lefsebaking
Bygdedag = lefsebaking
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Når det kjem til utedagar så handlar det om uteundervisning. Leirskule i Hålandsdalen er ei skuleveke slik som alle andre skuleveker. Men den er organisert annleis – men like fullt med undervisning – med tema valgt av lærarane som kjem saman med elevane. Denne veka har alle tatt turen til Kikedalen – halvparten tysdag og halvparten torsdag. Kano var framkomstmiddel og undervisningstema var både busetnad i Kikedalen og korleis dalen har blitt til gjennom tusenvis av år.

Bygdedag = skinnarbeid
Bygdedag = skinnarbeid
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Den andre fulle dagen med uteundervisning har gått føre seg til fots – halve gruppa tysdag og halve gruppa torsdag. Skogen, allemannsretten og kompasset var stikkord for dagen. Skogen i form av naturkjennskap – kva type planter fins i skogen? Allemannsretten gjev svar på kva rett(ar) me har til bruk av skogen – og ikkje minst, kva plikter som føl med rettane? Kompasset vart nytta til å finne vegen frå start til mål i ei orienteringsløype der kompasset var einaste hjelpemiddel – oppdrag gradorientering.

Bygdedag = Trearbeid
Bygdedag = Trearbeid
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag og bygdedag føregår i mindre grupper før og etter lunsj, med varmlunsj inne i matsalen i midten. Føremiddagen handlar om arbeidsoppgåver og aktivitetar slik det kunne sett ut på slutten av 1800-talet. Ettermiddagen stod ei økt med friluftsaktivitetar på programmet – noko som gav elevane eit høve til å teste ut ein uteaktivitet dei syns såg spennande ut. Dagen vart, som vanleg, avslutta hjå familien Håland.

Bygdedag = arbeid med ved
Bygdedag = arbeid med ved
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Fredag var avreisedag. Men ikkje før den avsluttande rominspeksjonen, rollespelet i gamlekyrkja og fredagslunsjen var fullført.