Frukost tysdag morgon kan svært gjerne fortone seg slik. Ein ting er sjølve frukosten som skal etast, men ein heilt annan ting er matpakken, eller nista om du vil, som må planleggjast. Leirskuledagen krev ofte meir energi enn ein vanleg dag på skulen – noko elevane gjerne erfarer i løpet av tysdagen.
Elevar og lærarar frå Aurdalslia og Flaktveit har gjort masse i løpet av desse dagane på leirskule. Nokre av elevane har nok gjort seg erfaringar som nemnd over. Der som måndag var dagen for å bli kjent med både plassen, leirskulerutinar og andre elevar – ja, så var tysdag første fulle utedag. Flaktveit nytta sin dag tur/retur Kikedalen med undervisning om landskapsformer og busetnad i Kikedalen. Aurdalslia, derimot, hadde sin dag på Vengsvatnet. Undervisningstema her var ferskvatn, fisk og bruk av robåt. Felles for begge skular var ferdsel på vatn i kano.
Onsdag var bygdedag med fruliftsaktivitetar om ettermiddagen. Eller sagt på ein annan måte, livet i gamledagar i god kombinasjon med ein uteaktivitet i leirskulen sitt nærområde.
Torsdag var ny utedag. Ny runde med matpakkesmøring – og med merkbart større matpakkar enn tysdag. Flaktveit nytta dagen i skogen der dei lærte om allemannsretten, bål og bruken av kompass. Aurdalslia gjekk i fotspora til både handelsreisande og lokalbefolkning i gamledagar – turen gjekk frå Bolstad i Øvre Hålandsdal og over fjellet til Strandebarm i Hardanger.
Med eit er det fredag på ny. Avreisedag med innlagt utsjekk frå rommet og med rollespelet i gamle Holdhus kyrkje. Til sist stod den avsluttande lunsjen for tur – varm lunsj som blei avslutta med premiering av beste rom gjennom denne leirskuleveka.
Takk for ein strålande veke i lag med lærarar og elevar frå Flaktveit og Aurdalslia – god helg.