Eit fargespekter der, til og med, regnbogen sine fargar speglar seg i Gjønavatnet
Eit fargespekter der, til og med, regnbogen sine fargar speglar seg i Gjønavatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 39 - Nygårdslien og Hellen

«Høsten…den svale, fine årstid da allting skifter farve og forgår» -Knut Hamsun-

Gjønavatnet på ein skikkeleg haustdag
Gjønavatnet på ein skikkeleg haustdag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ei veke på haustleirskule betyr òg ei veke med fargar – fargar utandørs og som naturen sjølv «fiksar». Ein ting er kontrasten mellom lys og mørke – me har tross alt passert haustjamndøgn, døgnet då natt og dag er like lange om hausten. Men kunststykket er vel så mykjeå ta inn over oss alle fargane som er rundt oss utandørs no om hausten. Grønt, gult, raudt, oransje…lista kan bli lang – aller mest handlar det om å bli bevisst på det.

Botnavatnet på ein skikkeleg haustdag
Botnavatnet på ein skikkeleg haustdag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

For elevane, frå Hellen og Nygårdslien, som har vore på leirskule denne veka har fargane vore ein del av bakteppet, eller kulissane, til aktivitetane me har hatt på programmet. Himmelen har skifta frå grått og til blått. Skogen har tatt litt av skifte frå sommar- og til vinterdrakt. Sol frå blå himmel har gitt oss speglbilete og fargespekter i vatn. Alt er der – det handlar «berre» om bli merksam på det.

Måndag og fredag er standariserte dagar – velkomst og avreisedag, med temmeleg faste rutinar. Mens tysdag, onsdag og torsdag har større variasjon. I løpet av veka har alle elevane vore til fjells, med Øykjafjell og Botnavatnet som turmål. Tema for dagen til fjells var intet mindre enn krigshistorie – våpensleppa som vart gjort i Hålandsdalsfjella av britiske fly under 2. verdskrig. 

I kano på veg mot Kikedalen
I kano på veg mot Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

I tillegg har alle elevane prøvd seg i kano. Turmålet med kanoen var Kikedalen og undervisningstema her var isen som landskapsformar, samt busetnad inne i sjølve Kikedalen.

Onsdag var bygdedag. Fram til lunsj skrur me tida tilbake til slutten av 1800-talet og prøver oss på arbeidsoppgåver og aktivitetar slik dei kunne sett ut då. Etter lunsj var det dags for friluftsaktivitetar der elevane fekk prøve seg på ein valfri aktivitet utandørs.

Bygdedag og vedhogging
Bygdedag og vedhogging
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Fredag ettermiddag, rett etter den avsluttande lunsjen, var det tid for avreise. Heim til Bergen og heim til helg – alt gjennom ein busstur i fargerikt haustlandskap.

Ein "tjuvgløtt" inn på skinnverkstaden vår på bygdedagen
Ein "tjuvgløtt" inn på skinnverkstaden vår på bygdedagen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for besøket til alle denne leirskuleveka. 

Friluftsaktivitet og kajakkpadling
Friluftsaktivitet og kajakkpadling
Bilde: Hålandsdalen leirskole