Dette opna opp for å gjere noko me aldri har prøvd før – krigshistorie som tema midtvinters. I desse dagar er det 80 år sidan det vart arbeid i det skjulte her i Hålandsdalen. Det andre av i alt tre flyslepp med våpen, sendt frå Storbritannia, var i emning. Planane var lagt, med eit anna droppområde enn det første sleppet – denne gongen på nordsida av sjølve toppen på fjellet Ottanosi. Kva tankar gjekk gjennom mannskapet i denne fasen av 2. verdskrig? Kva ruteval var fornuftig vinterstid? Dette, og mykje meir, er noko av det me har sett nærare på tysdagen denne veka.
I tillegg er ei leirskuleveke ei øvingsveke i det å vera sosial – sosial utan tilgong til mobil. Sjå kvarandre i augene, snakke med kvarandre ansikt til ansikt, bli betre kjend med kvarandre + mykje meir.
Av undervisningsaktivitetar så har me, i tillegg til krigshistorie, hatt skogsdag med bål og gradorientering. Gjennom heile torsdagen blei elevane utfordra på praktiske oppgåver som til dømes å lage bål og å bruke kompass.
Onsdag var bygdedag. Føremiddagen skrudde me tida tilbake om lag 150 år. Elevane fekk prøve seg på ein handverksaktivitet/oppgåve utan bruk av elektrisitet. På denne måten «tvingar» me fram meir aktivitet inne hjernen – og dermed større førestnadar for læring. Ettermiddagen handla om friluftsaktivitetar – elevane var delt mellom klatring, skred og søk, matlaging ute, stjerneorientering og overlevelse ute. Til siste blei bygdedagen avslutta med besøk hjå familien Håland.
Med eit var leirskuleveka over og på tide med avreise heim. Etter avsluttande rominspeksjon, kyrkjebesøk og lunsj så var leirskuleveka slutt.
Takk for besøket til både lærar og elevar frå Bønes og Sædalen – God helg alle som ein…