"Det handar om å nyt(t)e stundene."
"Det handlar om å nyt(t)e stundene."
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 40 - Hjellestad og Aurdalslia

«Det handlar om å nyt(t)e stundene.» Dette gjeld vel like mykje uansett kva me driv med - enten me er i leirskuleverda eller i verda utanfor.

Med utsikt mot skjulestad for våpen i 1945.
Med utsikt mot skjulestad for våpen i 1945.
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Kort sagt så handlar det om å gjere det beste ut av ein kvar situasjon. Både for å få fullført dei gjeremåla som er på tapetet, men òg finne glede i det me gjer. For elevane frå Aurdalslia og Hjellestad som har vore på leirskule denne veka er dette noko av den «skjulte» lærdommen. For sjølv om det kan vera litt slitsomt med ein dag til fjells, der krigshistorie er tema, så er det lyspunkt å finne heile vegen – til dømes naturopplevingane undervegs eller den underliggjande spenninga med historien om dei hemmelege operasjonane som vart gjennomført i Norge og i Hålandsdalen 1944 og 1945.

Haustdag i Kikedalen
Haustdag i Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Det same gjeld for bygdedagen vår og aktivitetane elevane prøver seg på. Utfordringane står i kø når nye oppgåver skal løysast. Handverksaktivitetar som set krav både til nøyaktighet og tolmodighet. Men det er fullt ut mogleg å finne glede både i sjølve arbeidsoppgåvene og resultatet.

Faktum er i alle fall at alle elevar har vore til Botnavatnet og sett nærarare på tema krigshistorie i Hålandsdalen. I tillegg har alle saman prøvd seg med kanoen som transportmiddel – med Kikedalen og sagnet om Kikedalsbonden som noko av innhaldet. Me har hatt bygdedag med fleire ulike aktivitetar alt frå vedarbeid til lefsebaking. Elevane har òg prøvd seg på ein valfri friluftsaktivitet onsdag ettermiddag.

Forteljarstopp ved Holdhusstølen
Forteljarstopp ved Holdhusstølen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Fredagen var avreisedag. Men aldri ein fredag utan ei skikkeleg utpakking, eit kjapt besøk i «gamlekyrkja» og avsluttande lunsj. 

I kano på Gjønavatnet
I kano på Gjønavatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Plutseleg var leirskuleveka omme, og ein velfortjent haustferie står for døra. Takk for no til både elevane og lærarar frå Aurdalslia og Hjellestad.

God haustferie!

 

 

 

 

 

 

Vaffelsteiking utan tilgong på straum
Vaffelsteiking utan tilgong på straum
Bilde: Hålandsdalen leirskole
Vinterveden på gjerast klar
Vinterveden på gjerast klar
Bilde: Hålandsdalen leirskole

 

Lefsebaking på vedovn
Lefsebaking på vedovn
Bilde: Hålandsdalen leirskole
(Hånd)arbeid med jern
(Hånd)arbeid med jern
Bilde: Hålandsdalen leirskole