Elevane frå Kjøkkelvik og Nygårdslien har hatt sine rundar med, nettopp, dette tema gjennom si leirskuleveke. Første måltid i matsalen på leirskulen blir det opplyst om at «all mat du tar med tilbake dit du sit, skal etast opp – gå heller fleire gonger med mindre mat på tallerken slik at du greier å ete opp». Den enklaste måten å tenkje bærekraft på er å ikkje kaste noko, eller kaste så lite som mogleg. Ei veke på leirskule kan vera ein stad der me kan øve på nettopp dette…
I tillegg til tema matsvinn, har me gjort masse ulike ting denne veka. Onsdag var bygdedag der elevane fekk utfolde seg med ulike typar handverk eller aktivitetar slik det kunne vore i gamledagar. Me prøver, i stor grad, å fjerne teknologiske nyvinningar slik at det er elevane sine eigne fingrar, musklar og hjerne som gjer jobben. Denne veka har me hatt elevar innom aktivitetane smia, skinnarbeid, toving, «Gamlestova», lefsebaking og «Gamleskulen».
Onsdag ettermiddag stod friluftsaktivitetar på programmet – ei økt der elevane fekk fordjupe seg i ein type aktivitet gjennom heile ettermiddagen.
Tysdag og torsdag var fulle utedagar. Tysdag var Kjøkkelvik på Vengsvatnet der dei padla kano, brukte robåt og studerte fisk. Nygårdslien tok turen mot Botnavatnet der me, undervegs, prøvde å setje oss inn i korleis det kan ha vore for lokale motstandsmenn som nytta desse områda under 2. verdskrig.
Torsdag var ny utedag og denne gongen var detr nygårdslien sin tur på vatn – med kano, robåt og fisk som tema. Kjøkkelvik, på si side, hadde ein dag i skogen med fokus på allemannsretten, bålbrenning og bruk av kompass.
Til sist i veka var, på ny, fredagen – siste skuledag før haustferien. Etter frukost, utpakking, kyrkjebesøk og lunsj, ja då var det berre bussturen heim som stod igjen før haustferien var eit faktum.
Takk for ei flott veke saman med elevar og lærarar frå Nygårdslien og Kjøkkelvik.
God tur heim, god helg og ikkje minst god haustferie til dykk alle!