Utsikt utover Kikedalen
Utsikt utover Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 42 - Christi Krybbe og Skjold

«Omslutta av fjell, eller omslutta av vatn. Det blir mykje det same i Kikedalen.» Sitatet er frå ingressen til Knut Langeland sin artikkel i BT frå 2009 – sjå kopi av link nederst…

I kano både til og frå Kikedalen
I kano både til og frå Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

For Langeland har heilt rett – Kikedalen er ei temmeleg vill blanding av fjell og vatn. Både som me kan sjå i det daglege med elvar, fossar tjødnar og vatn. Men òg underliggjande i form av korleis Kikedalen er forma slik me ser den i dag.

Dette er opplevingar som både Skjold og Christi Krybbe sine elevar har fått gjennom si veke på leirskule. Padleturen til Kikedalen er ein av undervisningsområda våre som er mykje i bruk gjennom hausten og våren. Me har både eit «undervisningsblikk» på tidlegare busetnad inne i Kikedalen – i tillegg til dette som har med vatn som landskapsformar.

På fjelltur i Hålandsdalen - enten med krigshistorie eller gamle ferdselsvegar som undervisningstema
På fjelltur i Hålandsdalen - enten med krigshistorie eller gamle ferdselsvegar som undervisningstema
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Men Kikedalen er berre ein av dagane denne leirskuleveka. Utedag nummer to nytta Christi Krybbe til fjells med krigshistorie som tema. Skjold, på si side, hadde òg ein fjelldag som sin andre utedag – nærare bestemt turen over fjellet frå Bolstad og Strandebarm.

I tillegg har me hatt bygdedag med masse ulike handverksaktivitetar og arbeidsoppgåver henta frå gamledagar. Uteaktivitetar med friluftsliv som fokus har me òg hatt – der klatring, kajakkpadling, metallsøking, matlaging ute og fiske frå robåt stod på programmet.

Bergsenden - "Enden av berget" - rett forut
Bergsenden - "Enden av berget" - rett forut
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Legg me til måndag og fredag som meir standariserte dagar  med velomst og avreise så er endå ei leirskuleveke no forbi.

Tusen takk for ei flott veke saman med elevar og lærarar frå Christi Krybbe og Skjold.

 

Om du vil lese heile artikkelen til Knut Langeland:

www.bt.no/nyheter/lokalt/i/1ve9G/kikedalen-ndash-verd-ein-kik