Friluftsaktivitetar kan vera så mangt, men fellesnemnaren er (kanskje sjølvsagt) at det går føre seg utandørs. På leirskule er det svært mykje at aktivitetane som går føre seg utandørs – nettopp for at elevane skal få lære endå meir om det å opphalde seg utandørs over litt tid.
Til onsdag ettermiddag og friluftsaktivitetane som stod på timeplanen då, hadde elevane sjølve vore med på å setje opp ei prioriteringsliste over kva aktivitetar dei ville delta på. På denne måten fekk dei prøve ut ein aktivitet som dei kanskje ville fordjupe seg i eller kanskje aldri før hadde prøvd. Valet denne veka stod mellom stjerneorientering, matlaging ute, kajakkpadling, fiske og roing samt klatring – noko for ein kvar smak med andre ord.
Elles gjennom veka så har det òg vore mykje anna uteaktivitet for alle saman. Tysdagen var skulane delt – Ådnamarka hadde krigshistorie som undervisningstema og Øykjafjell og Botnavatnet som turmål for dagen. Kjøkkelvik hadde tema om fisk og robåt på agendaen og då med Vengsvatnet som lokasjon.
Denne veka valde me å køyre to rundar av bygdedagsaktivitetar – ein runde onsdag føremiddag og med ny runde torsdag føremiddag. Dette førde då til at elevane fekk prøve seg på to ulike bygdedagsaktivitetar og dermed utvida sitt eige repertoar av fingerferdigheit og kunnskap om gamle dagar.
Torsdag ettermiddag nytta Kjøkkelvik i skogen med gradorientering (orientering med kompass) og Ådnamarka var på Vengsvatnet med kanopadling, robåtar og fiskestanger.
Når me, i tillegg, har fullført både ein vanleg måndag og fredag er leirskuleveka no straks forbi.
Takk for besøket og god tur heim til alle frå både Kjøkkelvik og Ådnamarka. God helg til dykk alle.