Nokon vil kalle det «trolsk”, andre bil beskrive det som magisk medan andre igjen vil finne andre superlativ. Det handlar sjølvsagt om dei dagane når himmelen er blå, det er vindstille og lufttemperaturen er lågare enn temperaturen i bakken og i vatna. Resultatet er eit belte med skodde som ligg som eit lok(k) over landskapet. Sakte men sikkert, med hjelp av sola, stig skodda opp før ho til slutt dunstar vekk. Nettopp slik var torsdagen på leirskule for elevar og lærarar frå Slettebakken og Haukeland denne veka.
Ein slik dag gjev oss ei heilt spesiell naturoppleving – og dette er, i høgste grad, ein stor det av leirskulelivet. Torsdag var òg dagen då alle hadde kanopadling som eit av sine undervisningstema. Haukeland tok turen til Skogseidvatnet – gjennom Drageidkanalen og vidare til Kilen. I tillegg til sjølve padlinga var dagens største undervisningstema nettopp vatn som ferdselsveg tilbake i tid.
Slettebakken, på si side, hadde Kikedalen som turmål – med tema landskapsformer og historien om tidlegare busetnad i Kikedalen.
Tysdag hadde begge skulane skogsdag. Ein dag der me fordjupa oss i, og nytta oss av, allemannsretten. I praksis betydde dette ein skogstur der elevane var med på å lage eige lunsjbål, prøvde seg på gradorientering i tillegg til innslag av naturkjennskap.
Onsdag betyr som regel bygdedag – og denne veka intet unntak. Då stod handverksaktivitetar i fokus og elevane fekk prøve seg på arbeidsoppgåver utan bruk av moderne tekologi – kort og godt godt gamaldags handverk. Ettermiddagen handla om fordjupning i ein ellar annan type friluftsaktivitet.
Fredag var avreisedag. Obligatorisk utpakking av rommet sitt, ein liten touch av eit rollespel med besøk i den eldste av bygningane me har i Hålandsdalen og avsluttande lunsj. Då desse var gjennomført stod det bussar og venta på både små og store – klare til heimreise og helg.
Takk for no til alle frå Haukeland og Slettebakken.