Lunsjbål i skogen
Lunsjbål i skogen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 43 - Kjøkkelvik og Søråshøgda

Langt tilbake i tid var dette mykje av kvardagslivet, i dag stort sett noko me driv med når me har lyst – friluftslivet er ein viktig del av leirskuleveka i Hålandsdalen.

Med utsikt mot Vesletjørn
Med utsikt mot Vesletjørn
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Sjølve begrepet friluftsliv fins berre i nordiske språk og det er, så vidt me veit, første gong brukt i diktet «På viderne» av Henrik Ibsen. Det handlar om å vera ute – ute over litt tid. Det kan vera til fots eller på vatn og sjølve uteaktiviteten kan vera mange men det skal, som sagt , skje utandørs. 

Forteljarstopp på Bygdastølen
Forteljarstopp på Bygdastølen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Elevane frå Kjøkkelvik og Søråshøgda har hatt masse uteaktivitet og friluftsliv gjennom si leirskuleveke. Søråshøgda har vore både til vanns og til lands. Vanndagen deira på tysdag gjekk føre seg på Vengsvatnet med robåtar og kanoar. Undervisningstema for dagen var landskapsformer, bruken av ferskvatn i næringsverksemd samt øving i å lese kart gjennom ei orienteringsløype rundt vatnet. Land-dagen til Søråshøgda gjekk over Heihillerhornet med undervisning om mellom anna allemannsretten og tradisjonell bruk av utmarka.

Ferdsel på Vengsvatnet
Ferdsel på Vengsvatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Kjøkkelvik har òg hatt ein dag «til lands og ein dag til vanns». Deira dag til fots handla om bål, allemannsrett og orientering med kompass. Sjølve turmålet var Vesletjørn og skogen rundt leirskulen. Til vanns så handla det om fisk og robåtar. Me har vore på Vengsvatnet og trekt garn og studert fisk både utanpå og inni.

Friluftsaktivitet - kajakkpadling
Friluftsaktivitet - kajakkpadling
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Måndag hadde me fokus på å bli kjent og øve på samarbeid. Onsdag var bygdedag med arbeidsaktivitetar frå 1800-talet før lunsj og friluftsaktivitetar i mindre grupper etter at varmlunsjen i matsalen var fortært.

Introduksjon til korleis lage bål i skogen
Introduksjon til korleis lage bål i skogen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Fredag gjekk òg med sine faste rutinar – utsjekk frå rom i god «Kompani Laurizen»-stil, besøk og rollespel i gamle Holdhus kyrkje samt felles avslutning av leirskuleveka i matsalen på leirskulen.

På veg for å trekkje garn...
På veg for å trekkje garn...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for både samarbeidet og for kjekke dagar saman med alle frå Kjøkkelvik og Søråshøgda.