Leirbålet har handla om mange ting opp gjennom historien. Varme, matlaging og vern mot rovdyr er nokre av dei. Men minst like viktig var leirbålet som samlingsplass – ein plass der folk samlast, historiar blei fortalt og morgondagens planar vart diskutert.
Elevar som er på leirskule får eit lite innblikk i denne «leirbålverda». Bålet blir presentert både som større fellesbål og som gruppebål som elevane lagar sjølve. Denne veka har alle elevane vore innom dette tema – fleire gonger. Både Hellen og Slettebakken har hatt to utedagar – den eine i kano til Kikedalen og den andre til fots i skogen.
Hellen hadde sin tysdag til Kikedalen med undervisningstema frå middelalderen og om korleis landskapet har blitt forma gjennom 3-4 millionar år. Koplinga til leirbål her inne er gjennom to fellesbål elevane kan samlast rundt i lunsjpausen.
Slettebakken hadde sin tysdag til skogs. Her blei det undervist i tema som allemannsrett, naturkjannskap og orientering med kompass (gradorientering). Denne utedagen var det òg opp til elevane sjølve, i smågrupper, å lage leirbål. Dette stiller krav både til samarbeid og til gode førebuingar når det berre er tre fyrstikker til kvar gruppe.
Torsdag var det temaskifte for begge skular – Slettebakken til Kikedalen og Hellen i skogen.
Onsdag handla om livet i gamledagar – det som me kallar «bygdedag». Då er frokuset på handverk med minimal bruk av moderne teknologi. Det betyr, til dømes, at nokre driv med trearbeid, andre med skinnarbeid og ei gruppe på toving i tillegg til ei lita handfull med andre aktivitetar. Etter ein, velfortjent, varm lunsj i matsalen var det tid for friluftsaktivitetar. Her får elevane høve til å fordjupe seg i ein, sjølvvalgt, friluftsaktivitet gjennom ein heil ettermiddag.
Fredagen går sin vante gong med utpakking, kyrkjebesøk og lunsj på leirskulen. Deretter er det pakking i buss og avreise. Heim til kvardanger igjen – kanskje med nokre nye historiar som kan delast rundt leirbålet.