Ei leirskuleveke i den "udigitale" verden
Ei leirskuleveke i den "udigitale" verden
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 44 - Hjellestad og Søråshøgda

Fråvær av mobilar og skjerm og nærvær av «ekte» opplevingar? Kan ein slik tanke ha noko for seg? På leirskulen i Hålandsdalen har me veldig tru på akkurat dette…

Fyring av tønne - ei oppleving for både syn, hørsel, lukt og følesans...
Fyring av tønne - ei oppleving for både syn, hørsel, lukt og følesans...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Akkurat på dette punktet har leirskulen stått fast på sitt standpunkt så lenge mobiltelefonar og andre små «dippeduttar» med skjerm har eksistert. Me trur det er noko i å måtte løfte blikket, møte andre sine blikk, prate med andre og finne på praktiske og fysiske aktivitetar med kvarandre. Dette er då òg slik leirskuleveka til elevane frå Hjellestad og Søråshøgda har vore.

Roing - med rett kraft og rett teknikk er det lett...
Roing - med rett kraft og rett teknikk er det lett...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Trass i at værgudane hadde bestemt eg for at vind og nedbør passa fint inn i «programmet» så har ikkje det lagt nokon dempar på fellesskapet og opplevingane for elevane. Veka vart organisert med to bygdedagar og ein full utedag. Tysdag og onsdag gjekk som bygdedagar og på denne måten fekk elevane prøve seg på to ulike bygdedagsaktivitetar og to ulike friluftsaktivitetar. Gruppene på bygdedagsaktivitetane vart sett opp etter elevane sine ynskjer, medan friluftsaktivitetane var valfrie eine ettermiddagen og låst til gradorientering den andre. Felles for alle desse er at dei vert gjennomført (nesten) heilt utan bruk at moderne teknologi.

Hjellestad i kano på veg ned gjennom Drageidkanalen
Hjellestad i kano på veg ned gjennom Drageidkanalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Utedagen låg på torsdag. Begge skulane nytta dagen på i kano – Hjellestad på Skogseidvatnet og Søråshøgda på Gjønavatnet. Felles undervisningstema var, sjølvsagt, kanopadling medan tematikken elles var nokså ulik.

Hjellestad hadde fokus på vatn som ferdselsveg og Hålandsdølane si bruk av dei store vatna i dalen. I tillegg blei dei presentert historien om Drageidkanalen og korleis den letta transporten av både folk og varer mellom Skogseidvatnet og Henangervatnet.

Søråshøgda med ein kort kvilestopp på veg mot Kikedalen
Søråshøgda med ein kort kvilestopp på veg mot Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Søråshøgda hadde undervisningstema som handla om busetand i Kikedalen – Kven var dei? Korleis klarte dei å byggje seg eit liv der inne og kvifor er det ikkje fastbuande der i dag? I tillegg fekk elevane sett på ein del av dei naturlege bevisa på at is/istider og rennande vatn har forma landskapet vårt gjennom 3,6 millionar år.

Då fredagen no er her så er det med «visshet» om at me, mellom anna, òg har trent på samarbeid, har hatt romkonkurranse, store felles måltid og opptil fleire rollespel gjennom veka. Alt saman utan trong for mobil eller annan skjerm for å få tida til å gå.

Takk for ei kjekk og innhaldsrik veke saman med elevar og vaksne frå Hjellestad og Søråshøgda. God tur heim og god helg.