Nettopp skodda har, bokstavleg talt, lege der som ein (raud) tråd gjennom heile leirskuleveka til Garnes og Ulsetskogen. Klare, stille og kjølige morgonar gjer at skodda ligg som eit lok på landkapet heilt til varmen frå sola får skikkeleg tak utover føremiddagen. Slike stunder kan gje mektige naturopplevingar for nokon kvar…
Gjennom to fulle utedagar har elevane frå både Garnes og Ulsetskogen fått kjenne på dette. Begge skulane nytta sine utedagar både til fots og på vatn. Undervisningstema varierte etter kvar me la ruta og kva ynskje som kom frå lærarar frå skulane.
Garnes hadde ein dag på Skogseidvatnet i kano og ein dag i skogen i retning Vesle- og Storetjørn. Kanodagen hadde tematikken vannvegane som transportåre tilbake i tid. Elevane fekk kjenne, direkte på kroppen, korleis folk i Hålandsdalen kan ha hatt det då dei skulle drive transport og ferdsel mellom Eidestøa i Skoseidvatnet og Henangervatnet. Skogsdagen deira gjekk føre seg i området sør for fylkesvegen som går gjennom Hålandsdalen – og dagen romma undervisningstema om allemannsrett, bålfyring og gradorientering (orientering med kompass).
Ulsetskogen sin dag på vatn gjekk føre seg på Gjønavatnet. Her òg var kanoen «verktøyet» og målet for dagen var å nå fram til Kikedalen og lære meir om både busetnadshistorie og landskapsformer. Dagen til fots gjekk opp over tregensa med Øykjafjellet og Botnavatnet som mål. Her vart dei presentert historien om lokale motstandsmenn under andre verdskrig som tok imot militært utstyr frå England.
Dagen i midten, altså onsdag, var bygdedag. Her stod handverk og «fingerferdighet» i sentrum. Dette fekk elevane teste ut gjennom å delta på ein sjølvvalt stasjon – til dømes smia, skinnarbeid eller gardsarbeid. Ettermiddagen vart utandørs til friluftsaktivitetar.
Me har òg hatt ein velkomst- og bli kjent dag (måndag) samt ein avslutning- og avreisedag (fredag), med alt av aktivitetar desse har med seg.
Til saman har det blitt ei full leirskuleveke med mykje aktivitet, nye vennskap og mykje samarbeid. Alt saman både med og utan skodde rundt oss.
Takk for ei flott veke saman med lærarar og elevar frå Garnes og Ulsetskogen.