I den samiske verda nyttar dei ikkje mindre enn åtte årstider – årstider som er knytt til reindrifta sitt årshjul. På leirskulen i Hålandsdalen har me òg fleire «årstider» i tillegg til dei fire som alle kjenner til. Denne veka var siste veke før eit slikt byte av «årstid». Dette var nemleg siste veke med «Haustleirskule» - dei neste vekene er det «Juleleirskule» som gjeld.
For elevane frå Olsvik og Ny-Krohnborg har det vore ei særs innhaldsrik veke med haustleirskule. Me har arbeidd oss igjennom dei klassiske samarbeidsaktivitetane måndag ettermiddag, samt det obligatoriske besøket i gamle Holdhus kyrkje på fredag føremiddag. Elevane har blitt (litt) kjend på ein ny plass og ikkje minst dei har skaffa seg nye kjenningar blant elevar frå Bergen.
Men ikkje minst har me gjennomført ei heil rekkje av ulike undervisningsaktivitetar. Tysdag var «rigga» for ein dag på vatn. Ei gruppe gjennomførte årets siste tur til Kikedalen for leirskuleelevar. Tematikken var, nok ein gong, busetnad i dalen og leiting etter bevis for korleis is(tider) og rennande vatn har forma landskapet.
Den andre gruppa nytta tysdagen på Vengsvatnet med tema fisk og ferskvatn. Der trekte me garn, studerte fisken (både på utsida og på innsida) og fekk til og med høve til ein liten smakebit av sjølvfiska aure og røye.
Onsdag var bygdedag – dagen då me skrur tida tilbake til slutten av 1800-talet. Elevane nyttar føremiddagen til å prøve seg på ein handverksaktivitet eller ei arbeidsoppgåve slik den kunne sett ut på den tida. Ettermiddagen gjekk med til ein type friluftsaktivitet i leirskulen sitt nærområde, før kvelden kom og me var på besøk hjå familen Håland.
Torsdagen var ny utedag og på nytt var det ulike mål og destinasjonar for elevane. EI gruppe hadde gamle ferdselsvegar som tema og gjekk den gamle postvegen mellom Hålandsdalen og Hardanger. Ei anna gruppe sikta seg inn på Åsesåta og bruken av naturen som viktigaste tema. Siste gjengen var i skogen med ansvar for eige bål og deretter gradorientering på programmet.
I skrivande stund er siste avreise frå årets haustleirskular akkurat gjennomført. Takk for denne gong til elevar og lærarar frå Ny-Krohnborg og Olsvik. Riktig god helg til alle som ein.