På juleleirskule skal kvar av dagane symbolisere viktige moment å ha kontroll på fram mot, og under julehøgtida. Tysdag skal symbolisere hausten og alle førebuingane som burde/måtte gjerast fram mot julehøgtida og den komande vinteren.
Gjennom hausten skulle mellom anna alle råvarer frå naturen takast vare på. Råvarer knytt til mat og matlaging var det aller mest sentrale , men òg «råvarer» knytt til vedlikehald og produksjon av andre produkt som skulle nyttast gjennom jula og utover vinteren.
«Hausten» denne veka (altså tysdagen), har elevane vore med og ta vare på kornet. Det har blitt baka lefser og krumkaker, samt at mjølet har blitt brukt i produksjon av leverpostei. Vidare har elevane tatt vare på mjølka gjennom produksjon av både smør og ost. I tillegg har elevane partert kjøt frå dyr som er slakta og produsert både pølser, sylteflesk og lammerull. Sist, men ikkje minst, har elevane vore med på å produsere eplesaft som fungerte som velkomstdrikk til julemiddagen.
Som om ikkje det var nok er det blitt produsert mellom anna stearinlys, dørkrokar, ostehøvlar, leiker, fuglebrett og ulike skinnprodukt. Alt saman knytt til det viktige arbeidet gjennom hausten.
Elles gjennom veka har me blitt betre kjent med kvarandre – på tvers av grupper og vennegjengar. Me har vore i skogen der me laga bål og henta heim juletre. Det har blitt utført «julebad» på vesle julaftan, produsert julepynt og pynta både juletre og hus.
Elevane har lært om skikkar og tradisjonar - gjennom å oppleve korleis dei var. Dette gjorde me gjennom julefeiring med både middag og fest. I tillegg til første juledags frukost og besøk i «Gamle Holdhus kyrkje»
Med eit var klokka blitt 1300 fredag ettermiddag og det var tid for heimreise.
Takk for laget og takk for «julefeiring» saman med elevar og lærarar frå Slettebakken.