Ein pust i bakken...
Ein pust i bakken...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 48 - Rolland og Ytre Arna

Hausten handlar om førebuingar til jul og førebuingar til vinteren – slik var det i gamledagar og slik var tysdagen på juleleirskule for elevar og vaksne frå Rolland og Ytre Arna.

Tysdag på juleleirskule betyr, mellom anna, pølseproduksjon
Tysdag på juleleirskule betyr, mellom anna, pølseproduksjon
Bilde: Hålandsdalen leirskole

På juleleirskule skal kvar av dagane symbolisere viktige moment å ha kontroll på fram mot, og under julehøgtida. Tysdag skal symbolisere hausten og alle førebuingane som burde/måtte gjerast fram mot julehøgtida og den ventande vinteren.

Frå vekas produksjon av stearinlys
Frå vekas produksjon av stearinlys
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Gjennom hausten skulle mellom anna alle råvarer frå naturen takast vare på. Råvarer knytt til mat og matlaging var det aller mest sentrale, men òg «råvarer» knytt til vedlikehald og produksjon av andre produkt som skulle nyttast gjennom jula og utover vinteren.

Lunsjbål i skogen før juletreet skal heim
Lunsjbål i skogen før juletreet skal heim
Bilde: Hålandsdalen leirskole

«Hausten» denne veka har elevane vore med på å ta vare på kornet. Det har blitt baka lefser og krumkaker, samt at mjølet har blitt brukt i produksjon av leverpostei. Vidare har elevane tatt vare på mjølka gjennom produksjon av både smør og ost. I tillegg har elevane partert kjøt frå dyr som er slakta og produsert både pølser, sylteflesk og lammerull. Sist men ikkje minst har fisken blitt tatt hand om og både blitt sløyd, krydra og røykt.

På veg heim med jultreet
På veg heim med jultreet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Som om ikkje det var nok er det blitt produsert mellom anna stearinlys, dørkrokar, ostehøvlar, leiker, fuglebrett og ulike skinnprodukt. Alt saman knytt til det viktige arbeidet gjennom hausten.

Eit liten smak av julepynten denne veka
Eit liten smak av julepynten denne veka
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Elles gjennom veka har me blitt betre kjent med kvarandre – på tvers av skular og vennegjengar. Me har vore i skogen der me laga bål og henta heim juletre. Det har blitt utført «julebad» på vesle julaftan, produsert julepynt og pynta både juletre og hus. Elevane har lært om skikkar og tradisjonar gjennom å oppleve korleis dei vart fylgd – dette gjorde me både gjennom julefeiring med både middag og fest. I tillegg til første juledags frukost og besøk i «Gamle Holdhus kyrkje»

Med eit var klokka blitt 1300 fredag ettermiddag og det var tid for heimreise.

Klart for julefeiring
Klart for julefeiring
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for laget og takk for «julefeiring» saman med alle frå Rolland og Ytre Arna.