Sitatet ovanfor er teksten elevane møter på timen torsdag morgon på juleleirskule. Torsdag er læra om julaftan og elevane lærer om gjer
emål, symbolikk og tradisjonar knytt til sjølve julehøgtida. Mellom anna lærer elevane, at sjølve julefeiringa i Norge er ei blanding av heidenske skikkar og kristne tradisjonar. Berre det at ordet jul, eller jol, stammar frå norrønt språk og vart nytta allereie i førkristen tid – rett og slett som ei feiring av at årets mørkaste døgn er forbi og at arbeidsåret snart er slutt.
Vidare utover dagen er elevane innom ein stasjon der dei lagar julepynt – det vert laga alt frå trenissar, ull-englar, sponkorger, kuler av kongler og bordpynt i form av hellemaling i tillegg til klokkedekorasjonar. Alt kjem til nytte då juletreet, matsal og ungdomshus skal pyntast til julefeiring torsdag kveld. Julemiddagen er pinnekjøt med nødvendig tilbehøyr, deriblant pølser som elevane sjølve har vore med å lage og på veg inn til festmiddagen fekk dei servert ein smak av sjølvprodusert eplemost.
Etter ein høgtidsmiddag med både mat, talar og song flyttar feiringa seg til ungdomshuset der fokuset er flytta over til mellom anna juletregong, julesongar og symbolikken rundt julepresangar.
For elevar og lærarar frå Paradis har leirskuleveka òg vore sett saman av samarbeidsoppgåver måndag, mat- og handverksaktivitetar tysdag, skogsdag med juletrehogst onsdag og første juledagstradisjonar fredag. Til saman har dette blitt til årets tredje veke på juleleirskule.
God tur heim til lærarar og elevar – og riktig god helg.