Lunsj i det fri
Lunsj i det fri
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 6 - Fjellsdalen og Minde

Menneske som (dyre)art er eit flokkdyr, eller sosialt vesen om du vil. Dei aller fleste av oss fungerer betre når me er i lag med andre – men dette, som det meste anna, krev trening.

Fellestur med utsikt
Fellestur med utsikt
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ei veke på leirskule er, i aller høgste grad, ei veke med øving på det å vera ein del av flokken. Elevane deler rom med kvarandre, dei utfører faste oppgåver saman, dei deltek på ei lang rekkje undervisningsaktivitetar saman og, ja, til og med fritida går føre seg saman med andre. 

Oppgåve toving på bygdedag
Oppgåve toving på bygdedag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

 Alle denne tida saman med andre stiller sjølvsagt krav til korleis me oppfører oss mot kvarandre – ikkje berre når me er opplagt og «freshe» men og når me er trøytte og slitne. Det handlar om øving på korleis gjere det beste både for seg sjølv og for flokken.

Heilt konkret har elevane frå Minde og Fjellsdalen vore med på fylgjande i løpet av si veke på leirskule:

Oppgåve lefsebaking på bygdedag
Oppgåve lefsebaking på bygdedag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Måndag var velkomstdag – dagen for å bli kjent med huset, tunet, nye rutinar og å helse på dei andre som er på leirskule. Samarbeidsaktivitetane, måndag ettermiddag, er ein effektiv måte å bli litt betre kjend med nokon av dei andre på leirskule.

Matlaging ute kan bety steiking av lappar på bål
Matlaging ute kan bety steiking av lappar på bål
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Tysdag og onsdag var bygdedagar denne veka. Grunnen til at dei blei to bygdedagar er dei værutsiktene me hadde då veka starta – enkelt forklart meldingar om mykje regn både tysdag og onsdag. Elevane fekk dermed prøve seg på to ulike bygdedagsaktivietar og to ulike friluftsaktivitetar denne veka. Smia, lefsebaking og trearbeid er døme på bygdedagsaktivitetar medan metallsøk, skredredning og overleve ute er døme på friluftsaktivitetar som stod på programmet denne veka.

Torsdag ettermiddag var det orienteringsom gjaldt for "alle mann alle"
Torsdag ettermiddag var det orienteringsom gjaldt for "alle mann alle"
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Torsdag var ein full utedag for både elevar og lærarar. 6. februar, nasjonaldagen til samane, vart nytta ute i skogen med naturkjennskap og leirbål som viktige tema. Då dagens (ute)lunsj var unnagjort, stod gradorientering for tur – der elevane gjennomførte ei orienteringsløype med kompasset som einaste hjelpemiddel.

Fredag var, som vanleg, avslutningsdag. Utpakking, siste rominspeksjon og rollespelet i gamle Holdhus kyrkje som for tur før fredagslunsj og avreise frå leirksulen kl 1300.

Tusen takk for ei flott leirskuleveke saman med lærarar og elevar frå både Minde og Fjellsdalen.