Vinterfriluftsliv
Vinterfriluftsliv
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 6 - Sædalen og Ulsmåg

Å bruke tid utandørs, med ulike aktivitetar samt å trosse litt kulde og vind gjer noko med både kropp og sinn. Ei leirskuleveke har nettopp slikt som mål – å overvinne utfordringar.

"Operasjon" skileik
"Operasjon" skileik
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Elevane frå Sædalen og Ulsmåg har hatt mange timar utandørs denne veka. Dei har hatt endå fleire timar med aktivitet – og alt har skjedd saman med andre leirskuleelevar. Me har trossa både litt kulde og vind – me har fått øve oss på å kle oss fornuftig når me skal vera ute. Me har fått utfordra oss på forskjellige aktivitetar og me har lært oss ny kunnskap rundt vinterfriluftslivet.

Med utsyn over skistadion
Med utsyn over skistadion
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Det byrja på måndag då bussane rulla inn på tunet med både elevar, mykje bagasje og ulike forventningar til kva veka ville by på. Resten av måndagen gjekk med til å bli betre kjend med både plassen, nye rutinar og andre elevar.

Familieliv i gamle dagar - bygdedagstema
Familieliv i gamle dagar - bygdedagstema
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Tysdag var det duka for ski i løypene på Bygdastølen. Tema for dagen var skileik og målet var å utfordre alle som ein på det som gjekk på balanse på ski. Me øvde på å reise oss, på å snu oss, me gjekk i sakte kino og me dansa opp bortetter snøen. Etter lunsj vart det rigga for frisbie med ski på beina, det vart ordna til ei skicrossløype, me leika «Stiv heks» og me øvde oss på å køyre nedover.

Matlaging ute baud på sjølvlaga pannekaker
Matlaging ute baud på sjølvlaga pannekaker
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag stod bygdedagen på programmet. Elevane var det i grupper, etter eige ynskje, og fekk prøve seg på aktivitetar og arbeidsoppgåver slik det kunne vore på slutten av 1800-talet. Ei verd utan teknologiske hjelpemiddel var overraskande vanskeleg å meistre – men med litt hjelp fekk me det til. Ettermiddagen gjekk med til å fordjupe seg i ein, sjølvvalt, friluftsaktivitet.

Vinterfriluftsliv med truger på beina
Vinterfriluftsliv med truger på beina
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Torsdag stod vinterfriluftsliv som hovudtema. Me delte elevgruppa mellom mellom trugertur i fjellet, isfiske og tur på skøyter. Felles for alle gruppene var fokuset på lunsjbålet der elevane sjølve var med på å lage bål – kun med tre fyrstikker til disposisjon. Med slikt utgongspunkt gjeld det å vera nøyaktig med førebuingane…

Vinterfriluftsliv med is under beina - både til fots med isfiske og på skøyter
Vinterfriluftsliv med is under beina - både til fots med isfiske og på skøyter
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Fredag var, som vanleg avslutningsdag. Utpakking, siste rominspeksjon og rollespelet i gamle Holdhus kyrkje var innhaldet denen dagen. Òg til sist den avsluttande lunsjen der vinnar av denne veka sin romkonkurranse var presentert.

God tur heim til både elevar og lærarar frå Sædalen og Ulsmåg. Takk for ei kjekk veke saman med dykk.