Kunsten å gå på vatnet...
Kunsten å gå på vatnet...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 7 - Alvøen og Haukås

Kunsten å gå på vatnet eller, rettare sagt, kunnskapen om å gå på vatnet er noko av det elevane frå Haukås og Alvøen har fått undervisning i denne veka på leirskule.

Isfiske krev òg kunnskap om trygg fedsel på isen
Isfiske krev òg kunnskap om trygg fedsel på isen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Når me snakkar om å gå på vatnet, så er det sjølvsagt isen som er stikkordet. Kunnskap om korleis vite om isen er «farbar». Kor tjukk må den vera? Korleis blir den målt og kva for kjenneteikn (farge, lyd og landskap rundt) kan gje oss informasjon om isen er «farbar» eller ikkje…?

Gjennom skogen på veg til fjells
Gjennom skogen på veg til fjells
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Det handlar sjølvsagt om tryggleik – «safety first». Alt skal gjerast på ein trygg måte og med korrekt utstyr. For mange elevar er dette ei ny «verd» - dei færraste elevar har kjennskap til korleis det går føre seg. Dei vekene me har (is)forhold til dette så er det nyttig kunnskap og erfaring dei kan få når dei er på leirskule i Hålandsdalen.

Utsikt over Botnavatnet
Utsikt over Botnavatnet
Bilde: Anita Nordland

Elles i veka så har me gjort mykje forskjellig. To fulle utedagar i sola – den eine til Øykjafjell med tema krigshistorie og den andre i lavlandet med isfiske, tryggleik på is, gradorientering og gruppebål som tema. Til sammen gjev dette elevane ei lang rekkje praktiske oppgåver som må løysast. Dette skapar masse aktivitet i hjernen – nok som igjen aukar sjansen for at kunnskapsbanken blir utvida hjå elevane. 

Bygdedag kan bety "produksjon" av ostehøvlar
Bygdedag kan bety "produksjon" av ostehøvlar
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag var bygdedagen vår. Dette er òg ein praktisk dag med dels ei arbeidsøkt med ein type handverk og dels ei uteøkt med ein type friluftsaktivitet. Målet er, nok ein gong, å skape mest mogleg aktivitet i hjernen og på den måten leggje til rette for å skaffe seg mest mogleg kunnskap medan dei er på leirskule.

Matlaging på bål er absolutt ein leirskuleaktivitet
Matlaging på bål er absolutt ein leirskuleaktivitet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

I tillegg til to utedagar og bygdedag, har me sjølvsagt hatt velkomstdag (måndag) og avslutnings- og avreisedag (fredag). Begge desse dagane var òg «spekka» med oppgåver for elevane – nokre av dei innandørs og nokre utandørs. Felles for dei aller fleste er at dei går føre seg saman med andre. For enten det handlar om å gå på vatnet eller å heise flagget så er dei fleste aktivitetar kjekkare dersom dei kan gjerast saman med andre.

Denne veka, oppsummert, i dagslys...
Denne veka, oppsummert, i dagslys...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for ei flott veke saman med elevar og lærarar frå Haukås og Alvøen – god tur heim og god helg.

Denne veka, oppsummert, utan dagslys...
Denne veka, oppsummert, utan dagslys...
Bilde: Hålandsdalen leirskole