Ferdsel på isen på Gjønavatnet er sjelden kost - sjølv på leirskule...
Ferdsel på isen på Gjønavatnet er sjelden kost - sjølv på leirskule...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 7 - Sædalen og Ulsmåg

Skøytegåing – den hurtigaste måten me menneske kan forflytte oss på for eiga maskin - utan å nytte seg av tyngdekrafta. Denne veka har me, til og med, kunne bruke skøytene på veg over Gjønavatnet.

Klar for tur innover Gjønavatnet
Klar for tur innover Gjønavatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

«Eg skal seie deg «far» at dengang var det ikkje heilt ufarlig å ferdast på Gjønaisen ein vinters dag. Det henge i meg dette, etter gammalt at eg aldri «fer» over eit isa vatn utan at eg i det minste har med meg ein kjelke eller ei buske etter meg, den dag i dag, særlig på tynn is. So han viste vel kva han gjorde, karen.»

Det vart òg mogleg å prøve sparken innover på isen.
Det vart òg mogleg å prøve sparken innover på isen.
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Utsagnet ovanfor er henta frå ein av versjonane til «Sagnet om Kikedalsbonden». Sagnet fortel, mellom anna, at Kikedalsbonden, Jon, nytta seg av isen på Gjønavatnet då han transporterte presten med seg inn til Kikedalen midt på 1300-talet.

Undervisning om is-vett og korleis vurdere om isen er trygg
Undervisning om is-vett og korleis vurdere om isen er trygg
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Dette er noko av det som elevane har fått høyre om på deira ferd innover isen på Gjønavatnet. Det er lenge mellom kvar gong dette er mogleg å gjere – så då sjansen no baud seg, med trygg is og fantastiske skøyteforhold, ja då var det berre å rigge turdag på skøyter til Kikedalen.

Skiøkt på Bygdastølen er fast innslag på vinterleirksule
Skiøkt på Bygdastølen er fast innslag på vinterleirksule
Bilde: Hålandsdalen leirskole

For elevane frå Ulsmåg og Sædalen var turen til Kikedalen ein av mange undervisningsaktivitetar denne veka. Tysdag og torsdag var begge fulle utedagar – halvparten var til Kikedalen og halvparten til Bygdastølen på ski. På denne måten fekk alle elevar oppleve vinterleirskule med både snø og is.

Ettermiddagsøkt med isfiske
Ettermiddagsøkt med isfiske
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag hadde me bygdedag – dagen då me skrur tida tilbake til slutten av 1800-talet og prøver oss på aktivitetar og arbeidsoppgåver slik dei kunne ha sett ut på den tida.

Bygdedag med vaffelsteiking på vedovn
Bygdedag med vaffelsteiking på vedovn
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag ettermiddag var mange elevar på Vengsvatnet og prøvde seg på isfiske, medan resten nytta ettermiddagen utandørs til å lage mat på bål.

Bygdedag med lefsebaking
Bygdedag med lefsebaking
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Måndag var, som vanleg, innreisedag med alt som føl med av bli-kjend aktivitetar og opplæring i leirskulerutinar. Fredagvar utreisedag med sine faste rutinar – det handla om utpakking, rollespel i gamle Holdhus kyrkje, avsluttande lunsj og deretter avreise heim til familie og venner der heime.

Bygdedag med jernarbeid
Bygdedag med jernarbeid
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for ei aldeles strålande veke saman med både lærarar og elevar frå Sædalen og Ulsmåg.

Bygdedag med vedkløyving
Bygdedag med vedkløyving
Bilde: Hålandsdalen leirskole