Hålandsdalen har mykje å by på med fjell, skog, vatn og kulturlandskap nær sagt kor hen du snur deg. Me er heldige som har denne flotte læringsarenaen å tilby til ca 3000 elevar og lærarar som skal tilbringe ei skuleveke i Hålandsdalen dette skuleåret.
Visjonen vår er ambisiøs: Læring for livet! Men me meiner den er realistisk - elevane skal i løpet av veka, på ulike arneaer, lære noko dei har bruk for resten av livet og gode minner skal skapast som vil sitje lenge, lenge.
Ein ny læringsarena borte i frå det vante byr på mange nye moglegheiter til å utvikle seg og skape nye relasjonar - rett og slett gjera seg betre rusta til å til å takle det som møter ein seinare i livet.
Alle me på leirskulen ser fram mot å ta i mot alle våre gjester gjennom året og me skal gjera vårt ytterste for at kvar og ein skal kunne reisa heim frå Hålandsdalen med ei kjensle av at dette var eit trygt, innhaldsrik og godt opphald!