På førehand laga vi invitasjonar, meny, "bokstavpengar" og vaktliste. Dessutan måtte vi få klasserommet til å minne oss litt om ein kafé Småbord, serviettar, bakgrunnsmusikk og led T-lys gjorde "susen"! På menyen stod mat og drikke som begynner på bokstavane vi har jobba mest med så langt. Vi sette opp ein liten bankfilial og delte ut bokstavar til kafegjestane. For ein E kunne du få kjøpe eplejuice, L - lefse osv. Ein kjekk aktivitet med mykje bokstavrepetisjon og hygge!