Kan tomme kaffiposar bli til handlenett? Elevane på 6. og 7. trinn var skeptisk, men nå har alle saman laga sitt eige handlenett, av kaffiposar. I haust starta elevar, føresette og tilsette på skule å samle tomme kaffiposar, og i januar starta produksjonen.
Elevane har fått erfare at nøyaktigheit lønner seg, og at symaskinen kan være gøy å bruke når den verkar som den skal. Vi har jobba med ulike kompetansemål, men kanskje i størst grad dette: «undersøke materialene i ulike gjenstander og vurdere funksjon, holdbarhet og muligheter for reparasjon og gjenbruk»
Sjølv om enkelte utrykte at det ikkje var kjekt å sy, og at det lukta kaffi i klasseromma såg dei veldig fornøgd ut med sit eige resultat da dei var ferdig.