Tre barn sitter i en båt i sjøen. I bakgrunnen ser vi fundamentet til en stor bro.
Fiske under Nordhordlandsbrua
Bilde: Salhus skule

Marinveke på Salhus skule

Då er enda ei marinveke over på Salhus skule. I løpet av denne veka har timeplanen blitt lagt bort, og alle har hatt fokus på livet i havet.

Marinveka har vore ein tradisjon i Salhus i annakvart år sidan 2008. Innhaldet  har nok endra seg noko, men fiske frå båt og kai har det vore fokus på sidan starten. For mange elevar er dette det først møte med det å vere i båt og fiske. Sjølv om det i starten er ekkelt å ta på fisken, og sjå at den blir filitert, et dei store mengder sjølvfiska fisk, grilla i folie.

I tillegg til å vere ein heil dag i båt, på kaien og fiske, har elevane denne veka og vore med på andre aktivitetar. Ein aktivitet kvar dag.

Kollasj med to bilde: eit av små hender som held i ein liten hai og haiegg, og eit som viser vaksenhender som tek ut innvollane i makrell
FISK: Til venstre: Haifødsel på kaia. Til høgre: Makrell
Bilde: Salhus skule
To barn med ryggen til står i fjære og held i ei livbøye
LIVBØYE: Elevane fekk trene med livbøya
Bilde: Salhus skule
Ei gruppe barn står i fjæra oser ser på svanar som svømmer
BAD: I Storåkervika har vi sett etter liv i fjæra, grilla pølser og avslutta dagen med eit bad i sjøen, der temperaturen viste 15 grader.
Bilde: Salhus skule
Kollasj med to bilder: et som viser små hender som steker fiskekaker og et som viser en fiskeburger.
FISKEMAT: På skulekjøkkenet har elevane fått laga fiskeburgar, det har blant anna gått med 7,5 kg fisk og 20 egg. Elevane har laga hamburgarbrød, fiskefarse, dressing og potetbåter. Dei har lært om næringsinnhald i fisk, og kvifor eit variert kosthold er bra for barn i vekst.
Bilde: Salhus skule
Små hender som lagar kunstverk av perler og streng
KUNST: Elevane hadde og kunst- og handverksoppgåver.
Bilde: Salhus skule
Måleri med fiskar som er limte på ein blåmåla bakgrunn
OPPSLAGSVERK: Den siste gruppa har laga eit oppslagsverk der du finn mykje fakta om nokre av dei ulike artane av fisk som vi har i fjorden utanfor Salhus. På veggen på gamleskulen er det hengt opp fisker som elevane har teikna. Det har vore veldig kjekt å sjå kor flinke fadrane har vore med å hjelpe fadderbarna.
Bilde: Salhus skule

Klassane har jobba saman 1. og 5. trinn, 2. og 6. trinn, 3. og 7. trinn og 4. trinn åleine. Dei eldste har hatt eit ekstra viktig ansvar for å vere gode rollemodellar for dei yngste elevane. Det har vore kjekt å sjå korleis barna utforsker og lærer i lag.

Vi har fantastiske foreldre, besteforeldre og storesøsken på Salhus skule! Dei hjelper oss med båtar, og som hjelpande vaksne på kaien. Utan denne hjelpa hadde vi ikkje fått gjennomført dette. Takk for innsatsen!