Skulestartar hausten 2025

Her kan du som forelder til skulestartar hausten 2025 finne viktig informasjon.

For å førebu oss på å ta imot barnet ditt treng vi følgjande informasjon frå deg:

  • Godkjenning til at vi kan kontakte barnets barnehage, PPT og helsestasjon for overføring av naudsynleg informasjon.
  • Informasjon om barnets morsmål er noko anna enn norsk. Opplys då om kva språk barnets førstespråk er.
  • Medisinske opplysningar som du meiner vi på skulen treng å vite (dette kan òg vere ulike matallergiar/intoleransar).

Det er viktig at opplysningane du sender blir handsama trygt og sikkert. Difor ber vi deg om å nytte eit digitalt innskrivingsskjema. Henvendinga blir lagt direkte i vårt arkivsystem, og ditt og barnets personvern vil bli vareteke. Vi vil ikkje at du sender oss desse opplysningane på e-post. Denne lenken  sender deg direkte til skjemaet.

Skjemaet finn du òg ved å gå inn på artikkelen Skolestart på kommunen sine heimesider.

Dersom du, eller barnet ditt, ikkje har norsk fødselsnummer (11 siffer) vil ikkje skjemaet fungere. Du må då ta kontakt med skulen på telefon eller ved oppmøte.

SFO

Etter påskeferien er det mogleg å søkje SFO-plass hjå oss. Alle som søkjer får plass. Informasjon om søknad, plasstypar og prisar finn du på denne innbyggerhjelpen.

Redusert betaling for SFO-plass

Det er mogleg å søkje om redusert betaling dersom husstanden tener mindre enn 570 900 kroner. Dersom inntekta er 350 000 kroner eller lågare, vil barn i 1. klasse på SFO få gratis plass. Når du har motteke skattemeldinga for 2023 kan du søkje om redusert betaling som skal gjelde frå hausten av. For å kunne søkje om redusert betaling må du ha søkt og takka ja til tilbod om SFO-plass. Hugs at du må sende inn ein ny søknad om redusert foreldrebetaling for kvart skuleår. Informasjon om korleis du søkjer finn du på   denne innbyggerhjelpen..

Lokal informasjon, om ynskjeleg.

Til dømes informasjon om å laste ned Vigilo-appen.

Meir informasjon finn du på nettsida. Velkommen til bergensskolen

Vennleg helsing

Salhus skule