SONG TIL SALHUS SKULE
(Lise Mikkelsen)
Mange skular er nok mykje meir moderne
Dei har hinderløype, atrium og bad
Garderobeplass har alle små på rekkje og på rad
Men vi har noko her som gjer oss glad:
Ref:
På Salhus skule går alle dei kule
Her får vi lære og leike og le
Her er vi venner, vi vandrar mot same mål
Og alle skal få vere med
Vi har verdas minste sløydsal, vi har asfalt
Vi har vindauge som alle går igjen
Vi har mørkeloft og murpuss, vi har gongar som er trong
- men her på Salhus finn du deg ein venn!
På Salhus skule går alle dei kule
Her får vi lære og leike og le
Her er vi venner, vi vandrar mot same mål
Og alle skal få vere med
Vi har mykje vi er stolt av, vi har binge!
Vi har disser, vi har syklar, vi har tau
Vi kan rekne vi kan lese og vi jobbar helst i lag
Vi opptrer gjerne, vi er ikkje flau!
På Salhus skule går alle dei kule
Her får vi lære og leike og le
Her er vi venner, vi vandrar mot same mål
Og alle skal få vere med
Vi har aldersblanda grupper, vi har sjakk kurs
I mat og helse får vi lage noko godt
Og i midttimen då leikar vi med store og med små
Ja, her på Salhus er det kjempeflott
På Salhus skule går alle dei kule
Her får vi lære og leike og le
Her er vi venner, vi vandrar mot same mål
Og alle skal få vere med