Det er så kjekt å kunne samla heile skulen vår, store og små til ei felles stund!
Me tok sjølvsagt bilete i HJERTEFORM, stor og liten i same ringen!
Elevrådet hadde i forkant gjort klare fleire ulike postar elevane kunne velge mellom:
- Bobledisco i bingen
- Fotballtennis
- Ansiktsmaling (her trødde fleire 7. klassingar til og hjalp for dette blei populært!)
- Spillbord
- Vennskaps armband
- Ping pong
- Skriv eit dikt om Timen livet
- Tic Tac Toe
Fadderklassene fekk i oppdrag å finne seg ein liten venn og hjelpa rundt på postane.
Når dei hadde samla seg 4 stempel frå ulike postar kunne dei få gå i kafeen der elevrådet og rektor delte ut bolle og saft!
Det er NYDELIG å sjå samhald, vennskap og trivsel på tvers av trinna!
Ein kjekk dag for store og små på Salhus skule!
Vi gler oss allereie til neste fest!
Takk til elevrådet som stelt i stand til kjekk feiring!