Til deg på ungdomstrinnet
Du kan klage på standpunktkarakterane du får på ungdomsskulen, dersom du meiner at reglane for å sette standpunktkarakter ikkje er følgde. Dei fleste standpunktkarakterane får du på slutten av 10.trinn. I nokre fag kan du få standpunktkarakter tidlegare, slik som i valfag og mat og helse.
Kva er ein standpunktkarakter? Ein standpunktkarakter er den avsluttande karakteren du får i faget. Standpunktkarakteren skal vise den samla kompetansen du har i faget. Det er standpunktkarakteren som kjem til å stå på vitnemålet ditt frå ungdomsskulen.
Dersom du ønskjer å klage på standpunktkarakter:
- • Ta kontakt med faglæraren din og og be om ei forklaring på vurderinga. Legg fram ditt syn på saka og diskuterer usemja. Du sender evt. klage på standpunktkarakteren til skulen din. • Fristen for å klage er ti dagar. • Dersom du ønskjer å få ei grunngjeving for kvifor du har fått den karakteren du har fått, kan du be om dette før du klagar. Du får ein ny frist for å klage ti dagar etter at du fekk grunngjevinga. • Klagen må vere skriftleg og underskriven av deg og/eller foreldra dine. Er du under 15 år, må foreldra samtykke til klagen. • Skriv gjerne litt om kvifor du klagar. • Klagebehandlinga kan føre til at karakteren blir ståande, at karakteren blir sett opp eller at karakteren blir sett ned.
Kva gjer Statsforvaltaren i saka? Dersom du klagar på standpunktkarakteren, vil Statsforvaltaren sjå på om skulen har følgd reglane som gjeld for fastsetting av standpunktkarakter.
Du finn meir informasjon om dette på våre nettsider (www.statsforvalteren.no/vestland/) og nettsidene til Utdanningsdirektoratet (www.udir.no).
Med venleg helsing Statsforvaltaren i Vestland