I skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap har dei tilsette dei siste åra arbeidd fram nokre dokument som vi bruker i vår planlegging, refleksjon og videreutvikling av kvaliteten ved både skulen og SFO. Desse planane blir hos oss kalla standardar.
Ein standard på YA er eit “levande” dokument, som fortel om pedagogiske mål, arbeidsmåtar og anna i praksisen vår. Dei blir evaluert og justert minst ein gong i året i skulen sine kvalitetsutviklingsmøter, der elevråd og FAU deltek saman med alle dei tilsette. Standardane er sjølvsagt tufta på læreplanen LK20 og på kommunen sine kvalitetsplanar. For dei tilsette er standardane nyttige verktøy i deira profesjonelle samarbeid, for å lage og videreutvikle god undervisning og eit trygt skulemiljø.
Det pedagogiske årshjulet syner ei oversikt over våre satsningar og pedagogiske prosessar. Desse blir konkretiserte gjennom dei ulike standardane, der mykje er felles for skulen og noko er på trinn eller avdeling.
SFO er sjølvsagt og ein del av dette arbeidet, og standard for trygghet og trivsel handlar om alle på YA, dei vaksne inkludert. I tillegg har SFO sin eigen standard for arbeidet på SFO.