Ny logo!

Tryggleik, trivsel og inkludering for alle på YA

Alle elevar har rett på eit trygt, inkluderande og godt skulemiljø, og alle ansatte har rett på eit godt arbeidsmiljø! Vi ønsker at Ytre Arna skule skal være ein god stad for både store og små.

Skulen har difor utarbeidd ein plan for korleis vi vil ha det saman. Vi kallar den Standard for tryggleik og trivsel. Alle dei ansatte har vore med å lage planen over ein prosess på to år. 

Den er den viktigaste av standardane våre, fordi vi trur at at det sosiale og emosjonelle er eit grunnlag for all læring i skulen. 

Vi er alle viktig for fellesskapet! Saman er vi teamet på Ytre Arna, i leik og i læring. Dersom det er noko som ikke er bra ønsker vi å ta tak i det med ein gong. Sei frå- vi er her for deg som elev, foreldre eller ansatt.

Skuleåra 2023-2025 har skulen hatt eit prosjekt som vi kallar Frå velkomstklasse til inkluderande velkomstskule. Prosjektet handlar om inkludering av alle elevar, med særleg blikk på nyankomne elevar. I denne prosessen har profesjonsfellesskapet over tid utarbeida ein ny standard,  Standard for ein inkluderande velkomstskule. Den seier kva verdiar og prinsipp skulen står for, og kva praksis vi vil ha for at alle elevar kan delta i fellesskapet med dei ressursane dei kjem med, særleg med tanke på nyankomne elevar som skal lære norsk språk. Mangfaldet vårt gir alle elevar kompetanse for livet. Denne standarden må sjåast i samanheng med standard for trygghet og trivsel, fordi dei i stor grad handlar om skulen sine grunnleggande verdiar og vår praksis for å leve desse.