Dei to representantane frå 7.trinn er valt til leiar og nestleiar dette skuleåret.
Elevrådet er viktig i skulen sitt elev-demokrati, og saksliste til kvart møte blir hengt opp på skulen slik at alle veit kva vi skal jobbe med.
Representantane får eit forarbeid til kvart møte, der dei skal snakke med klassen sin og ta med deira synspunkt til møtet. Dei får og med seg saker tilbake til klassane.
Elevrådet jobbar både praktiske delar av skulekvardagen, som skulemelk/frukt-ordningen og aktivitetar i friminutta, og det pedagogiske innhaldet i undervisninga. Det er viktig for oss å få elevane si stemme inn, og at elevane opplever og erfarar at det er kjekt og meiningsfullt å engasjere seg.
Referat frå møta våre finn du her: