På alle trinn er januar ein månad for lesing i bøker elevane vel sjølv på bibliteket, enten på skulen eller eit anna bibliotekt. Det kan vere både faktabøkar eller fortellingar, og mange er glade i teikneseriar. Målet er at elevane skal oppleve leseglede gjennom å lese mykje og variert. Samstundes opplever vi at elevane sin lesekompetanse aukar!
Dei får ha med seg pledd, putar eller lese-bamsar på skulen, og det er mange koselege lesekrokar å sjå! Elevane skriv logg over kor mykje dei les, og det blir og laga mange bok-meldingar og skrive tekstar med utgangspunkt i bøker. I første klasse har elevane no lært alfabetet, og er i gong med lesing i små hefter. På alle trinn les og dei voksne for elevane, ved at klassen har ei god høgtlesingsbok under Lesefestivalen. 1.-4.trinn har vore heldig å få forfattarbesøk av Vegard Markhus, som inspirerte både til lesing, skriving og teikning.
I gangen over vestibylen har vi et felles stort verdenskart, som syner dei ulike trinna si reise i Lesefestivalen. For kvar time elevane på eit trinn les i snitt, kan dei nemleg flytte brikka sin på verdenskartet. På den måten les dei seg rundt i verda, til destinasjonar der noko kjekt skjer for heile klassen. Eit trinn las seg til London og hadde afternoon-tea og fotballkamp, eit anna til Danmark der dei spiste røde pølser og hadde Lego-byggekonkurranse. Eit trinn las seg til Tyrkia, der dei laga til spa i klasserommet! Lesefestivalen byr dermed og på læring om geografi, kultur og reise, og fleire trinn har tverrfaglege prosjekter om andre land eller religionar i denne perioden.
Å lese er gøy! Vedlagt er eit lite glimt frå Lesefestivalen på kvart trinn.