I Lesefestivalen er målet at elevane får lese mykje i sjølvvalte bøker, teikneseriar eller liknande, for å kjenne leseglede og vidareutvikle lesekompetansen sin. Samstundes blir lesinga gjort som ei tverrfagleg, fiktiv reise, der elevane får besøke ulike land eller destinasjonar med kjekke opplevingar saman i klassen. Det har vore stort engasjement, mange besøk til bibliotek både på skulen og i sentrum, og forfattarbesøk for småskuletrinna.
Nokre glimt frå Lesefestivalen i år:
- 1.trinn har hengekøye i lesekroken sin, og har spist crossaint då dei var på bakeri i Frankrike!
- 2.trinn har hatt after noon tea i London, og bygd Eiffeltårnet i marshmellows og spaghetti i Paris.
- 3.trinn har ein flott Lesebuss på gangen sin, og dei prøvde seg på å lage vulkan i Tuftadalen då dei hadde lest seg til Island.
- 4.trinn var på road trip i USA, og konstruerte Grand Canyon i Mindcraft.
5.trinn laga mange koselige lesekrokar i Møtesalen, og var på pasta-restaurant i Italia. - 6.trinn har lesehytte med lyslenker, og laga empanadas i Argentina og scones i England.
- 7.trinn laga mat på skulekjøkkenet frå landa dei besøkte, og ein svær Book flix vegg i gangen med vurdering av alle bøkene dei har lest.
- VK las på mange språk, og fekk hjelp av morsmålslærarane sine til å finne kjekke bøker på morsmålet sitt.
Lesekrok med hengekøye på 1.trinn
2.trinn skriv reisebrosjyre frå London
3.trinn sin Lesebuss
4.trinn var på Road trip i USA, og viste lese-progresjonen sin med ein bil
5.trinn laga italiensk pasta-restaurant
Lesehytta var populær på 6.trinn
7.trinn sin Book Flix vegg