Dronning Sonjas skulepris blir delt ut annakvart år, og det er i år 17 skular frå heile landet som er nominert. Vinnaren blir kåra av ein fagjury og annonsert på Slottet 20.oktober 2025.
Vi på YA har jobba måretta for eit inkluderande og godt skulemiljø i fleire år, og syns sjølvsagt det er skikkelig stas å bli nominert til denne prisen!
Her er det Statsforvaltaren i Vestland seier om YA sitt arbeid:
- Ytre Arna skule har gjennom fleire år jobba heilskapleg og systematisk med trivsel og inkludering. Arbeidet er forankra i heile personalet gjennom samskaping, felles verdiar og standardar. Skulen har eit gjennomgåande inkluderingsperspektiv og er særleg kjent i nærmiljøet for sitt inkluderande velkomsttilbod og fellesskapet #lagfølelse. Skulen er blant dei 25 prosent med minst mobbing dei siste tre åra.
Les meir her: Fire vestlandsskular nominert til Dronning Sonjas skulepris | Statsforvaltaren i Vestland