Eidsvåg skole
Eidsvåg skole med 1952-bygg til høyre, vestibyle og nybygg til venstre.
Bilde: Hugo Lütcherath

Ny Eidsvåg skole vart billegare enn budsjett

Sluttrekneskapen for rehabilitering og nybygg på Eidsvåg skole er klar. Prosjektet kosta 508,1 millionar kroner å gjennomføre. Det er 1,8 millionar kroner under budsjett.

Byrådet rår til at sluttmeldinga for byggeprosjektet kan godkjennast. Prosjektet på Eidsvåg skole omfatta både nybygg, stor idrettshall, rehabilitering av eit skulebygg frå 1952 og fleire omfattande rekkefølgje krav.

Då bystyret vedtok å gjennomføre prosjektet rekna politikarane med at det skulle koste 516,4 millionar kroner. Rekneskapen viser at billegare enn dette budsjettet og det siste justerte budsjettet for prosjektet.

Bakgrunnen for prosjektet var at Eidsvåg skole hadde ein stor trong for oppgradering. Den nye skulen er dimensjonert for 300 elevar. Det er høve til å utvide til 350 om det skulle bli naudsynt.

LES OGSÅ: Feststemt åpning - slik er nye Eidsvåg skole

Skulen er no på 9.000 kvadratmeter med ein stor idrettshall. Ein stor og lys vestibyle bind saman 1952-bygget med det nye bygget. Uteområda er oppgraderte. Det er òg lagt til rette for aktivitetar på taket til idrettshallen.

Prosjektet har fått spelemidlar grunna idrettshallen. Tilskotet gjer at eigenfinansieringa til kommunen kan reduserast med 11,5 millionar kroner.

Byrådet meiner prosjektet har vore svært vellukka. Det har gitt elevar og tilsette eit funksjonelt og godt skulebygg. Byrådet rår til at sluttmeldinga kan godkjennast.

Les dokumenta

Saka går vidare til utval og bystyre

LES OGSÅ: Her er sakene fra byrådet 30. april