Krohnåstoppen bofellesskap
LIGG HØGT: Bufellesskapa i Krohnåstoppen ligg høgt med utsyn over Apeltunvannet. No er sluttrekninga klar for byggeprosjekta.
Bilde: Hugo Lütcherath

Billegare bustader på Krohnåstoppen

Bufellesskapa på Krohnåstoppen vart billegare enn budsjettert. Det viser sluttmeldinga som no skal godkjennast politisk.

Prosjektet omfatta bygging av to nye bufellesskap med i alt 16 bueiningar og to tenestebasar for tilsette. No er sluttmeldinga klar til å godkjennast.

Prosjektet vart 13,3 millionar kroner billigare enn budsjettet då det vart vedteke gjennomført. Og 575.406 kroner billegare enn justert budsjett. Sluttrekninga for prosjektet blei på 114,2 millionar kroner.

Krohnåstoppen bofellesskap er ein del av bustadløftet for menneske med utviklingshemming. Tomta ligg høgt og luftig. Det er kort veg til turområde og kollektivtrafikk. Bufellesskapet er integrert i eit etablert bumiljø.

Bufellesskapa er innreia med gjenbrukte møblar. Prosjektet er klimavennleg med nær nullutslepp og stor bruk av solceller på fasaden.

Byrådet rår til at sluttmeldinga vert godkjent.

Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 21. november