Sluttrekninga på 920,9 millionar kroner gir eit mindreforbruk 6,8 millionar kroner om du ser på det justerte budsjettet, men eit meirforbruk på 31,9 millionar kroner om du samanliknar sluttsummen med kostnadsramma ved gjennomføringsvedtaket.
Prosjektet omfatta ombygging og full rehabilitering av den tidlegare lærarhøgskulen i Landåssvingen. Prosjektet er avslutta. Bergen inkluderingssenter vart tatt i bruk 2. april 2024.
Høg sirkularitet
Etat for inkludering er hovudbrukar av senteret. Det er òg lagt til rette for at lokala kan nyttast til kultur og idrett etter skule- og arbeidstid. Inkluderingssenteret består av seks bygg. Etter rehabiliteringa er bygget gjort om til eit passivhus med tilnærma null utslipp.
Byggeprosjektet oppnådde ein sirkularitetsgrad på 64 prosent gjennom å ta vare på eksisterande bygningsdelar. Prosjektet har elles arbeidd mykje med å gjenbruk og resirkulere bygningsmateriale.
Dyrt og attraktivt
Etter opninga av senteret har 1.500 deltakarar tatt introduksjonsprogram med opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Både deltakarane og dei 300 tilsette melder om at dei trivst. Senteret har blitt ein attraktiv møteplass for lag, organisasjonar og frivillige.
Byrådet meiner bygget har blitt svært dyrt. Framover vil kommunen nok prioritere strammare når den planlegg nye investeringar. Like fullt meiner byrådet at prosjektet har vore vellukka og at bygget fungerer etter intensjonane. Byrådet rår til at sluttmeldinga vert godkjent.
Saka går vidare til utval og bystyre.
SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 23. oktober