Kvart år legg byrådet fram ei sak for bystyret som ser på status og utsiktene for økonomien til Bergen kommune. Det er ei oppvarming på utfordringane som ventar når budsjetthausten står for døra. Byrådet ønskjer med saka å invitere bystyret til å gjennomgå sentrale økonomiske utviklingstrekk for kommunen.
Stort uttak av sparepengar
Mellom storkommunane i Noreg skil Bergen seg ut med dårlege økonomiske resultat dei siste åra. I 2024 måtte Bergen bruke 28 prosent – eller 1,1 milliardar kroner - av disposisjonsfondet for å handtere den økonomisk krevjande situasjonen. Disposisjonsfondet er sparepengane til kommunen. No er fondet under minimumsmålet på ti prosent.
I saka kjem det òg fram at låneopptaket til Bergen kommune kjem til å gå over måltalet på 70 prosent innan få år. Det skuldast høg investeringsaktivitet og lågare driftsfinansiering av investeringane. Byrådet skriv at dette ikkje er berekraftig og at det er naudsynt å dempe investeringstakta.
Barn og unge slit psykisk
Saka fortel òg at dei demografiske endringane legg opp til å vri ressursbruken frå den yngre til den eldre delen av innbyggjarane. Samstundes har det vore ein merkbar vekst i etterspurnaden etter tenester innan psykisk helse for barn og unge, både i Bergen og nasjonalt.
Byrådet skriv at behovet for omstilling kjem til å auke i tida framover fordi kommunen ventar ein reduksjon i inntektene.
Saka går vidare til utval og bystyre.
SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 14. august