Bjørnafjorden kommune meldte inn eit behov om å få vite om digital opplæring for ufaglærte var like effektiv som tradisjonell klasseromsundervisning for å auke kunnskapen i helsetjenesten. Saman med forskarar frå Høgskulen på Vestlandet fann dei ei relevant systematisk oversikt som som handla om effekten av digital mobil opplæring, retta mot studentar og helsepersonell.
Den viser at mobile opplæringstiltak:
- Mogleg gir auka effekt på kunnskapsnivå samanlikna med tradisjonell opplæring
- Truleg gir auka effekt på ferdigheiter samanlikna med tradisjonell opplæring
- Mogleg har positiv effekt på haldningar til læring samanlikna med tradisjonell opplæring
- Usikker effekt på tilfredsheit ved mobil opplæring samanlikna med anna type opplæring
Les heile forskingsomtalen:
Bakgrunn
I kommunehelsetjenestene er ei stor gruppe av de i tilsette ufaglærte, i tillegg til sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. For å kunne tilby tenester av god kvalitet til pasientane, er det naudsynt at alle har god kunnskap og opplæring, også dei ufaglærte.
Leiarar har ansvar for å legge tilrette for kunnskapsheving, som skildra i forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten. I tillegg vektlegger Kompetanseløft 2025 at personell og kompetanseutfordringar i kommunane må ivaretas gjennom kompetanseheving. Ei løysing er å finne nye måtar å jobbe på, bli flinkare til å ta i bruk ny teknologi og utnytte tilgjengelege ressursar betre. Ved å ta i bruk digital undervisning og kompetanseheving, kan ein meir effektivt nå fleire på ein gong, og gjere kunnskapen lett tilgjengeleg. Bruk av digital kunnskapsheving vert skildra som sentralt, mellom anna i høgare utdanning. Tilsette i Bjørnafjorden kommune ynskja å finne forsking som støtta dette.
Vegen vidare for Bjørnafjorden
Sidan omtalen har Bjørnafjorden kjøpt inn nytt kompetanseverktøy som dei skal innføre der opplæring og vedlikehaldskompetanse i stor grad vil bestå av digital e-læring, men også praksis og klasseromsundervisning.
- Forskingsomtalen med ei systematisk oversikt gir oss støtte på at e-læring kan ha like god effekt som tradisjonell opplæring - noko vi også opplever i praksis, sier Bodil L. Hansen som er ein av fleire FoU-kontaktar i Bjørnafjorden.
- Digital opplæring er mindre ressurskrevjande, og vi ser for oss at vi må variere og tilpasse opplæringa avhengig av tema og faggruppe. Spesielt i forhold til ufaglærte der det gjerne er utfordring med tanke på språk og forståing.
- Omtalen er ikkje eintydig og ikkje knytta til ufaglært helsepersonell, men vi har likevel fått kunnskap vi vil bruke som bakgrunn når vi vidare skal lage plan for opplæring i eit nytt kompetansesystem.
Ho legg til at det var ein spennande prosess å komme med eit kunnskapsbehov og få hjelp frå forskarar til å finne systematiske oversikter. Ho meinar det kan både vere behov for slik hjelp framover og meir kunnskap rundt jopplæring som gir.
- Les fleire forskningsomtalar i menyen vår Aktuell forskning
- Les mini-metodevurderingar frå kommunar som har nytta forskningsomtale til å lage eit beslutningsdokument